Driftsassistansen i Sogn og Fjordane er eit forum for erfaringsutveksling og kunnskapsauke i kommunane innan sektoren vatn og avløp. Det er 23 medlemskommunar. Dagleg leiar: Tobias Dahle Tlf. 41 51 86 53 Epost: tobias.dahle@disfva.no

Fagdag 22 september Sikker og effektiv vassforsyning på Thon Hotel Skei

Driftassistansen vest arrangerte fagdag 22 september på Skei der temaene var nødvatn, smarte vassmålarar og eigarskap til stikkleidningar.
Om lag 20 personar frå 6 ulike kommunar deltok.

Foredraga kan lastast ned her;

Revisjon av felles VA Norm for Sogn

Kommunane i Sogn har gått saman om å revidere VA Norma. Arbeidet startar opp i slutten av september 2020.

VA Konferansen Vest 2020 er avlyst

VA konferansen vest 14 - 15 oktober på Alexandra hotell i Loen er dessverre avlyst. Årsaka er sjølvsagt Corona situasjonen der risikoen for smitte blei vurdert til å vere for høg når 200 menneske frå heile landet skulle samlast.

HMS fagsamling 25 februar på Gloppen Hotell

Samlinga blei gjennomført med god svært god oppslutning, 45 deltakarar frå 9 ulike kommunar og rådgjevarfirma.
Her kan foredraga lastast ned;

Fagdagar og årsmøte i Driftsassistansen 2020 - Comfort Hotell i Florø 25 - 26 mars 2020

Programmet for denne fagsamlinga er nå utarbeidd og kan lastast ned her

Fagdagar og årsmøte i Driftsassistansen 2020 - Comfort Hotell i Florø 25 - 26 mars 2020

Dei årlege fagdagane og gjennomføring av årsmøte skjer 25 og 26 mars på Comfort Hotell i Florø.

Programmet er under utarbeiding og blir snarleg sendt ut.

HMS fagsamling 25 februar på Gloppen Hotell

HMS på avløpssektoren er eit viktig område for å unngå helseproblem for alle som arbeider i avløpssektoren. Norsk vann har utarbeidd ein eigen rapport (Rapport 247/2018) der alle risikooppgåver blir systematisk gjennomgått. Forfattaren av rapporten vil gå gjennom rapporten på denne samlinga.
Det blir og synfaring av det kommunale avløpsreinseanlegg på Byrkjelo.
Vi trur på avløpsektoren vil kunne ha stor nytte av denne fagsamlinga.

Vedlagt ligg invitasjonen

Fagsamling om Drikkevassforskrifta 14 januar på Alexandra Hotell

Drikkevassforskrifta sett betydelege krav til dokumentasjon. Dette gjeld farekartlegging, ROS og beredskap, men og til prøvetakingsplan, vedlikehaldplanar for leidningsnettet, beredskapsøvingar og nødvatn. 14 januar var dette temaet på fagsamling der 12 kommunar var representerte, totalt 30 deltakarar. Status i kommunane blei gjennomgått og krava diskutert saman med Mattilsynet. Vi trur dette er nyttig for alle vassverkseigarane.
Dokumentasjon frå samlinga kan lastast ned her;

VA konferansen 2019 på Hotel Alexandra i Loen

Nærare 200 personar deltok på VA konferansen. Alle kommunane i fylket var representert. 54 ulike rådgjevarfirma/leverandørfirma var representerte i tillegg til 6 studentar frå Ålesund (NTNU). Ketil Nord frå Eid kommunne blei kåra til årets VA person i Sogn og Fjordane

Alle foredraga frå konferansen kan lastast ned her;

VA konferansen 2019 på Hotel Alexandra i Loen

VA konferansen i Sogn og Fjordane 2019 blir arrangert 16 - 17 oktober på Hotell Alexandra. Påmeldinga frå leverandørbransjen er god, pr i dag er 54 firma påmeldt.

Programmet finn du her;

Syndiker innhold