Driftsassistansen i Sogn og Fjordane - disfva

Formål
Driftsassistansen i Sogn og Fjordane blei etablert i 2007. Med 24 medlemskommunar, av totalt 26 kommunar i fylket, har kommunane ønskja dette initiativet velkome. Viktigaste føremålet med Driftsassistansen i Sogn og Fjordane kan oppsummerast med følgjande stikkord:
- kompetanseheving i kommunane
- erfaringsutveksling mellom kommunane

Vidare skal Driftsassistansen i Sogn og Fjordane vere både for driftsoperatørar og ingeniørar i kommunane.

Organisering
Aktiviteten i Driftsassistansen i Sogn og Fjordane blir bestemt av fagstyret. Dette er pr. i dag på 5 personar frå 5 ulike kommunar. Kvar er vald for 3 år.

Styret har i dag følgjande samansetjing:
- Arne Kjos - leiar. Tlf. 57 66 51 11. Epost: arne.kjos@ardal.kommune.no
- Øivind Helle - medlem Tlf. 57 71 85 25. Epost: oivind.helle@fjaler.kommune.no
- Ketil Nord - medlem Tlf. 57 88 58 75. Epost: ketil.nord@eid.kommune.no
- Edvin Tistel - medlem Tlf 91 72 38 53 Epost: edti@vik.kommune.no

Agnar Horstad - medlem Tlf 41 51 12 51 Epost: agnar.horstad@naustdal.kommune.no

 Sivilingeniør Tobias Dahle er dagleg leiar og ansvarleg for drifta av Driftsassistansen i Sogn og Fjordane.


Aktivitet i 2007
2007 var første driftsåret for Driftsassistansen i Sogn og Fjordane. 21. - 22. november arrangerte vi VA-konferansen for medlemskommunane på Alexandra Hotel. Det vart lagt vekt på eit program som skulle vere av interesse for alle som arbeider med kommunalteknikk VA. Deltakinga frå kommunane var svært god med nærare 50 påmelde frå meir enn 20 kommunar. I tillegg var det meir enn 20 leverandørar tilstades for å syne produkta sine. 

Aktivitet 2008

Fagkonferanse VA blei arrangert 4 og 5 mars på Rica Sunnfjord Hotell i Førde. Tema var m.a. tilsyn frå statlege styresmakter. 24 kommunar frå fylket var representerte. Årsmøtet for DISFVA blei gjennomført i samabnd med fagkonferansen.

VA konferansen 2008 blei gjennomført 18 -19 november. Meir enn 30 firma og representantar frå meir enn 20 kommunar tilsaman over 100 personar,  deltok.


Samarbeid med andre
Driftsassistansen i Sogn og Fjordane, DISFVA, meiner samarbeid med andre organisasjonar er viktig. Av samarbeider vi aktivt med Driftsassistansen i andre fylke særleg i fylka Hordaland og Møre og Romsdal. Vi har og eit samarbeid med Norsk Vann.