Fagsamling om tryggleik og sårbarheit i vassforsyninga, 4. - 5. mars på Sunnfjord Hotel, Førde

 Temaet for neste fagsamling vil altså vere
tryggleik i vassforsyning.  Vi vil ha innleiarar frå m.a. beredskapsavdelinga
hjå fylkesmannen, Mattilsynet i Bergen, Bergen kommune i tillegg Jørn Harald Andersen
forfattaren av rettleiaren  ” Sikkerhet og sårbarhet i vannforsyningen”
 utgjeve av Mattilsynet i 2007. Vi skal og sjå på tryggleiken ved trykklaust
nett – dvs korleis arbeidet/rutinar bør leggjast opp slik at risikoen for
innsug/ureining av leidningsnettet blir minst mogleg. Vi tek sikte på å sende program
i byrjinga av januar.

 I samband med fagsamlinga blir og årsmøtet
for Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (DISFVA) gjennomført. Viktige saker er
m.a. samarbeid med andre verksemder ( fylkesmannen, driftsassistansar),
medlemskap i Norvar og generelt omfanget av aktiviteten i DISFVA i 2008. Det
skal og veljast 2 nye medlemmar til fagstyret.

Tobias Dahle


Fagsamling om tryggleik og sårbarheit i vassforsyninga, 4. - 5. mars på Sunnfjord Hotel, Førde