God oppslutning på VA konferansen i oktober 2018

VA konferansen blir gjennomført 17 - 18 oktober på Alexandra Hotell. Eit sentralt tema vil vere brannvatn. Både regelverk, ønske/krav frå brannvesenet og dimensjonering/modellering av leidningsnettet vil bli gjennomgått. Vidare blir det fokus på avløpspumpestasjonar - utforming og instrumentering samt praktisk utforming av vasskummar.

For første gong vil vi på denne konferansen dele ut VA - prisen i Sogn og Fjordane, ei utmerking som skal gå til personar som gjennom ei rekke år har gjort ein viktig innsats på området.

Og som vanleg er leverandørindustrien samt rådgjevarbransjen godt representert. Om lag 50 firma er påmeldt med stand.

Vedlagt ligg både program og utstillingsplan

VedleggStørrelse
Program VA konferansen 2018 - 17 - 18 oktober.doc1.35 MB
Utstillingsplan Va konferansen pr 4 juli 2018.pdf53.4 KB