Driftsassistansen i Sogn og Fjordane er eit forum for erfaringsutveksling og kunnskapsauke i kommunane innan sektoren vatn og avløp. Det er 23 medlemskommunar. Dagleg leiar: Tobias Dahle Tlf. 41 51 86 53 Epost: tobias.dahle@disfva.no

Fagdag om offentleg innkjøpsregelverk med vekt på forsyningsforskrifta - 30 oktober Thon Hotell Førde

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane inviterer til Fagdag om offentleg innkjøpsregelverk . Staden er Thon Hotel i Førde den 30. oktober 2018.
Målgruppa for seminaret er rådgjevarar og kommunetilsette i fylket. Det vil bli særleg vekt på forsyningsforskifta og handlingsrommet denne gir i høve til val av rådgjevar/entreprenør. For nærare detaljar sjå vedlagde invitasjon.

God oppslutning på VA konferansen i oktober 2018

VA konferansen blir gjennomført 17 - 18 oktober på Alexandra Hotell. Eit sentralt tema vil vere brannvatn. Både regelverk, ønske/krav frå brannvesenet og dimensjonering/modellering av leidningsnettet vil bli gjennomgått. Vidare blir det fokus på avløpspumpestasjonar - utforming og instrumentering samt praktisk utforming av vasskummar.

For første gong vil vi på denne konferansen dele ut VA - prisen i Sogn og Fjordane, ei utmerking som skal gå til personar som gjennom ei rekke år har gjort ein viktig innsats på området.

Fagsamling 11 - 12 april i Måløy

Fagsamlinga og årsmøte i Driftsassistansen blei gjennomført 11 -12 april i Måløy. Over 70 personar deltok på samlinga, dei aller fleste frå kommunane i fylket. Tema for samlinga var m.a. reguleringsventilar, overvatn og praktisk drift av vassverka. I tillegg blei det som vanleg er, omvising på lokal vassverk denne gonga det nye vassverket på Raudeberg. Takk til Vågsøy kommune for godt samarbeid.

Alle foredraga frå samlinga kan lastast ned her;

VA Konferansen Sogn og Fjordane 17 - 18 oktober på Aleandra Hotell i Loen, Stryn kommune

Tidspunktet for VA konferansen 2018 er 17 og 18 oktober. Staden er som vanleg Hotell Alexandra Hotell i Loen, Stryn kommune.
Programmet blir laga i april/mai. Men vi kan melde om at Atle Nesje, opprinneleg frå Stryn, breforskar ved Universtitetet i Bergen skal snakke om utviklinga av isbreane i Norge dei siste 10 000 åra.

Pr i dag er meir er allereie meir enn 50 firma påmeldt med stand.

Fagsamling og årsmøte i Driftsassistansen 11 - 12 april Måløy - Vågsøy kommune

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane arrangerer fagsamling og årsmøte 11- 12 april på Thon Hotel Måløy. Programmet for fagsamlinga kan lastast ned her:

Rammevilkårskonferansen 2018 15 - 16 mars på Solstrand Hotell

Driftsassistansen i samarbeid med DIHVA IKS og Bergen Vann arrangerte Rammevilkårskonferansen 2018 15 - 16 mars på Solstrand Hotell i Os utanfor Bergen. Praktiske/juriske problemstillingar blei då gjennomgått og diskutert.
Alle foredraga kan lastast ned her;

VA konferansen 2017

VA konferansen 2017 i Sogn og Fjordane er gjennomført. 190 personar deltok fordelt på 27 kommunar frå fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. 55 firma var representerte med utstilling.

Alle foredraga kan lastast ned her;

VA konferansen 2017 i Sogn og Fjordane 18 - 19 oktober på Alexandra Hotell i Loen

18 - 19 oktober blir VA konferansen i Sogn og Fjordane gjennomført. Staden er som vanleg Alexandra Hotell i Loen. program for konferansen er utarbeidd sjå vedlegg.

Utstillinga er fullteikna 55 firma vil vere representerte, noe som er ny rekord. Utstillingsplanen ligg vedlagt.

Konferansen er open for alle kommunetilsette(gratis adgang), representantar frå private vassverk, kommunar i andre fylke og entreprenørbransjen.
Påmelding skjer til Tobias Dahle ; E-post tobias.dahle@disfva.no

Fagtreff og årsmøte 5 - 6 april på Skjolden Hotell

5 og 6 april gjennomførte Driftsassistansen i Sogn og Fjordane fagtreff og årsmøte på Skjolden Hotell i Skjolden. Tema dag 1 var Driftsovervakingsanlegg, eit svært aktuelt spørsmål i mange kommunar. Dag 2 var det ein gjennomgang av vassforsyninga i Luster kommune samt at Årsmøte blei gjennomført.

Representanatar frå 20 kommunar i alt om lag 55 personar deltok på fagtreffet

Foredraga frå konferansen kan lastast ned her;

Rammevilkår for VA sektoren 2017

Konferansen Rammevilkår for VA sektoren blei gjennomført 21 - 22 mars i Bergen. Arrangørar var Driftsassistansane i fylka Hordaland og Sogn og Fjordane samt Bergen Vann KF. 27 kommunar var representerte på konferansen i alt ca 80 deltakarar.

Foredraga kan du laste ned her;

Syndiker innhold