Driftsassistansen i Sogn og Fjordane er eit forum for erfaringsutveksling og kunnskapsauke i kommunane innan sektoren vatn og avløp. Det er 23 medlemskommunar. Dagleg leiar: Tobias Dahle Tlf. 41 51 86 53 Epost: tobias.dahle@disfva.no

VA konferansen 2016 på Alexandra Hotell 18 - 19 oktober

18 - 19 oktober blei VA konferansen i Sogn og Fjordane arrangert på Hotell Alexandra i Loen. Spesielt gledeleg var det å kunne ønske velkommen 25 studentar frå Høgskulen i Ålesund (NTNU). Leverandør og rådgjevarbransjen var og godt representert med 48 firma som deltok med utstilling. Dette er ny rekord.

Nær alle kommunane i fylket var representert - i tillegg kommunane Sula og Volda frå Sunnmøre.

Tema på konferansen var ; olje og feittutskiljarar, silanlegg, smarte vassmålarar og slambehandling

Alle foredraga frå konferansen kan lastast ned her;

Fagdagar om klorering av vassleidningar 6 - 8 september

I regi av Driftsassistansen blir det gjennomført fagdagar om klorering av vassleidningar 6 - 8 september.

Kursinvitasjonen kan lastast ned under.

Fagdag om utrekning av sjølvkost på VA sektoren - kursdokumentasjon

I regi av driftsassistansen blei det gjennomført kurs/fagdag om korleis sjølvkost på VA sektoren kan/bør reknast ut.

Kurshaldar var May Rostad frå firmaet Kinei as. Kursdokumentasjon kan lastast ned under

VA konferansen 2016 - 18 - 19 oktober på Alexandra Hotell

VA konferansen 2016 blir gjennomført for 10 gong 18 - 19 oktober på Hotell Alexandra i Loen.

Pr i dag er 52 firma påmeldt med stand, dette er ny rekord. Programmet er ferdig utarbeidd og kan lastast ned her.

Fagtreff 5 - 6 april 2016 på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane arrangerer fagtreff 5 - 6 april på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde. Årsmøte blir og gjennomført på denne konferansen.

Tema for fagtreff er m.a. VA leidningsnettet, beredskapsøvingar og avløpsreinseanlegg. Program for fagtreffet kan du laste ned under.

VA - konferansen 2015 - rekorddeltaking

14 og 15 oktober blei VA konferansen gjennomført på Alexandra hotell i Loen. Over 200 personar deltok, av desse 10 skulelevar. 46 firma hadde stand og 24 kommunar frå fylket var representerte. Alle innlegga frå konferansen kan lastast ned her:

VA Konferansen 2015 på Alexandra Hotell 14 og 15 oktober

14 og 15 oktober 2015 blir VA konferansen i Sogn og Fjordane gjennomført. Interessa for konferansen er stor, allereie no er utstillingsdelen fullteikna med 44 påmelde firma. Både program og utstillingskart kan lastast ned her.

Fagsamling i Kalvåg 15 - 16 april

Driftsassistansen gjennomførte 2 dagars fagsamling i Kalvåg 15 - 16 april. 19 kommunar og til saman ca 50 personar var tilstades. Tema på samlinga var kommunalt ansvar for slokkevatn/sprinklervatn samt planlegging og prosjektering av sjøleidningar.

Alle innlegga kan lastast ned her;

Rammevilkår for VA sektoren 24 - 25 mars 2015 i Bergen

Konferansen Rammevilkår for VA sektoren blei gjennomført med god deltaking. Nær 100 deltakarar frå dei 4 vestlandsfylka var til stades. Innlegga kan lastast ned her

Årsmøte og fagsamling i Driftsassistansen 15 - 16 april Knutholmen i Kalvåg

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane arrangerer fagsamling og gjennomfører årsmøte 15 - 16 april på Knutholmen i Kalvåg.
Tema for fagsamlinga er sjøleidningar og regelverk for/kommunal ansvar for slokkevatn. I samband med fagsamlinga blir og årsmøtet for Driftsassistansen gjennomført med m.a gjennomgang av aktivitetar, økonomi og val av styremedlemmar.

Programmet for fagsamlinga finn de her;

Syndiker innhold