Driftsassistansen i Sogn og Fjordane er eit forum for erfaringsutveksling og kunnskapsauke i kommunane innan sektoren vatn og avløp. Det er 23 medlemskommunar. Dagleg leiar: Tobias Dahle Tlf. 41 51 86 53 Epost: tobias.dahle@disfva.no

VA - konferansen 2015 - rekorddeltaking

14 og 15 oktober blei VA konferansen gjennomført på Alexandra hotell i Loen. Over 200 personar deltok, av desse 10 skulelevar. 46 firma hadde stand og 24 kommunar frå fylket var representerte. Alle innlegga frå konferansen kan lastast ned her:

VA Konferansen 2015 på Alexandra Hotell 14 og 15 oktober

14 og 15 oktober 2015 blir VA konferansen i Sogn og Fjordane gjennomført. Interessa for konferansen er stor, allereie no er utstillingsdelen fullteikna med 44 påmelde firma. Både program og utstillingskart kan lastast ned her.

Fagsamling i Kalvåg 15 - 16 april

Driftsassistansen gjennomførte 2 dagars fagsamling i Kalvåg 15 - 16 april. 19 kommunar og til saman ca 50 personar var tilstades. Tema på samlinga var kommunalt ansvar for slokkevatn/sprinklervatn samt planlegging og prosjektering av sjøleidningar.

Alle innlegga kan lastast ned her;

Rammevilkår for VA sektoren 24 - 25 mars 2015 i Bergen

Konferansen Rammevilkår for VA sektoren blei gjennomført med god deltaking. Nær 100 deltakarar frå dei 4 vestlandsfylka var til stades. Innlegga kan lastast ned her

Årsmøte og fagsamling i Driftsassistansen 15 - 16 april Knutholmen i Kalvåg

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane arrangerer fagsamling og gjennomfører årsmøte 15 - 16 april på Knutholmen i Kalvåg.
Tema for fagsamlinga er sjøleidningar og regelverk for/kommunal ansvar for slokkevatn. I samband med fagsamlinga blir og årsmøtet for Driftsassistansen gjennomført med m.a gjennomgang av aktivitetar, økonomi og val av styremedlemmar.

Programmet for fagsamlinga finn de her;

Fagkonferansen Rammevilkår for VA sektoren 24 og 25 Mars 2015 Hotell Bryggen i Bergen

Driftsassistansane i Hordaland og i Sogn og Fjordane arrangerer konferansen Rammevilkår for VA sektoren 24 og 25 mars på Raddisson Blu Bryggen Hotell i Bergen for 4. gong no i 2015. I fjor deltok meir enn 100 personar frå vestlandskommunane på denne konferansen der det blir spesielt fokusert på juridiske problemstillingar knytt til VA sektoren. Vi har lagt stor vekt vekt på praktiske døme på korleis desse kan løysast henta frå kommunane på Vestlandet.

Vi håper dykkar kommune/rådgjevarverksemd vil finne det interessant å delta.
Programmet for konferansen finn de her:

Fagtreff og årsmøte i Driftsassistansen 14 og 15 april 2015 i Kalvåg - Bremanger

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane inviterer til fagtreff 14 og 15 april 2015 i idylliske Kalvåg. Utforming og prosjektering av sjøleidningar vil vere eit viktig tema på denne konferansen. På dette fagtreffet blir og årsmøtet gjennomført.

Program blir sendt i februar

Rammevilkår for VA sektoren - fagtreff med fokus på juridiske problemstillingar

Driftsassistansane i Hordaland og Sogn og Fjordane arrangerer fagtreffet " Rammevilkår VA sektoren" 24 og 25 mars på Radisson Blu Hotell Bryggen. vedlagt ligg nærare informasjon om tema m.v. Fullstendig program og invitasjon til å delta blir sendt ut i januar 2015. På tilsvarande konferanse i april 2014 deltok ca 100 personar.

VA konferansen 2014 - ny rekord deltaking

VA konferansen 2014 5 - 6 November på Alexandra Hotell i Loen sette ny rekord i deltaking. Meir enn 180 personar deltok, med representantar frå 24 kommunar, 5 rådgjevingsfirma og 45 firma. I tillegg deltok ca 20 skuleelevar frå røyrleggjarlinjene i Sogndal og Florø.
Både program og innlegg kan lastast ned:

VA - konferansen 2014 Alexandra Hotell i Loen 5 - 6 November

VA - konferansen 2014 blir arrangert som vanleg på Alexandra Hotell i Loen. Målgruppa for konferansen er kommunetilsette og rådgjevarar på Nordvestlandet. I tillegg er det ei breid deltaking frå ei rekke leverandørar frå heile landet. Pr slutten av juli er 37 firma påmelde med utstilling.
Påmelding skal sendast Driftsassistansen i Sogn og Fjordane gjerne på e-post - tobias.dahle@disfva.no

Vedlagt ligg programmet for konferansen.

Syndiker innhold