Driftsassistansen i Sogn og Fjordane er eit forum for erfaringsutveksling og kunnskapsauke i kommunane innan sektoren vatn og avløp. Det er 23 medlemskommunar. Dagleg leiar: Tobias Dahle Tlf. 41 51 86 53 Epost: tobias.dahle@disfva.no

Fagkonferanse /årsmøte 12 og 13 mars i Florø

Driftassistansen i Sogn og Fjordane gjennomførte fagtreff/årsmøte 12 og 13 mars 2013 på Quality Hotell i Florø. Om lag 50 deltakarar frå meir enn 20 kommunar deltok. Inlegga frå fagtreffet kan lastast ned under.

VA konferansen 30 -31 oktober på Alexandra Hotell, Loen i Stryn kommune

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane inviterer til den årlege VA konferansen 30 - 31 oktober på Alexandra Hotell. Tema i år er drift av vassbehandlingsanlegg (dag 1) og mekaniske avløpsreinseanlegg (dag 2). I tillegg er det ein stor messedel der truleg meir enn 30 firma vil ha utstilling.

Vel møtt

Driftsoperatørsamling 23 mai 2012 i Førde

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane første fagsamling for Driftsopertørar 23 mai på Vassbehandlingsanlegget i Førde. Tema var drift og vedlikehald av UV anlegg.

Første del av dagen  blei gjennomført på Førde Hotell med gjennomgang av anlegget og 2 innlegg frå leverandørar. Etter lunsj var det synfaring av anlegget saman med folk frå Førde kommune.

Heile 45 personar frå nærare 20 ulike kommunar deltok på arrangementet. Takk til Førde kommune for godt vertskap.

VA konferansen 2011

VA konferansen 2011 blei arrangert for 5. gong på Hotell Alexandra i Loen 2- 3 November. Men 38 utstillarar på plass og ca 125 deltakarar totalt er dette ny rekord. Vi takkar for god innsats frå føredragshaldarar og utstillarar.

Alle innlegga kan lastast ned her.

VA konferansen 2011 2 - 3 November 2011, Alexandra Hotell Loen i Stryn

VA konferansen 2011 i Sogn og Fjordane blir gjennomført 2 - 3 November 2011 på Alexandra Hotell i Stryn. På denne konferansen vil dei fleste kommunane i fylket vere representerte. Program for konferansen ligg vedlagt.Pr 26 august er meir enn 30 firma påmelde med utstilling, men det er plass til fleire. Eventuell påmelding kan gjerast direkte til  Driftsassistansen v/ dagleg leiar Tobias Dahle. Nedlasting av program:   Program VA konferansen

VA Konferansen 2011 2 - 3 November på Alexandra Hotell i Stryn

VA konferansen 2011 blir arrangert 2 - 3 november på Alexandra Hotell i Stryn. Men godt over 100 deltakarar er dette den årlege møteplassen for VA miljøet i fylket, staden der rådgjevarar, kommunetilsette og leverandørar kan møtast. I fjor var nærare 30 firma representerte med utstilling. Program for konferansen blir sendt ut i juni. Påmelding til konferansen enten dette gjeld som vanleg deltakar eller som utstillar skjer med e-post (eller telefon) til Driftsassistansen.

Fagtreff 13 og 14 april i Balestrand

Fagtreffet inkludert årsmøtet 13 -14 april blei gjennomført på ærverdige Kviknes Hotell i Balestrand. Representantar frå om lag 20 kommunar var tilstades. På årsmøtet blei viktige spørsmål slik som medlemskap i Norsk Vann og auka interkommunalt samarbeid drøfta.Det faglege innhaldet var særleg knytt til klimatilpassing, internkontroll og beredskap i vassforsyninga samt utforming av olje og feittutskiljarar. Foredraga kan last ned her:

God deltaking på fagtreff om rammevilkår på VA sektoren

30 - 31 mars 2011 arrangerte Driftsassistansen i Hordaland (DIHVA) og Driftsassistansen i Sogn og Fjordane  (DISFVA) eit fagtreff om rammevilkår på VA sektoren. Målgruppa var ingeniørar både i offentleg og privat sektor. Dette var første gonga eit slikt seminar blei gjennomført på vestlandet. Med over 80 deltakarar, må oppslutninga om fagtreffet seiast å vere svært god. I 2012 vil nytt fagtreff om rammevilkår på VA sektoren blir arrangert 28 og 29 mars då på Alexandra Hotell i Stryn. Foredraga for fagtreffet kan lastast ned her:

Rammevilkår og regelverk på VA sektoren - 30 og 31 Mars på Solstrand Hotell, Os utanfor Bergen

Fagtreffet Rammevilkår og regelverk på VA sektoren blir arrangert 30 og 31 Mars på Solstrand hotell i Os. Målgruppa er kommunane på Vestlandet i tillegg til rådgjevarar og offentlege etatar. Arrangørar er Driftsassistansen i Hordaland (DIHVA) og Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (DISFVA).

Fagtreff og årsmøte 13 - 14 april på Kviknes Hotell i Balestrand

13 og 14 april blir det arrangert fagtreff for kommunane i Sogn og Fjordane på Kviknes Hotell i Balestrand. Tema er olje- og feittutskiljarar, beredskapsplanlegging og bruk av VA normer. Det blir og gjennomgang og synfaring av nye Balestrand vassverk.

Årsmøte i Driftsassistansen blir arrangert i samband med fagtreffet. Programmet kan lastast ned her.

Syndiker innhold