Driftsassistansen i Sogn og Fjordane er eit forum for erfaringsutveksling og kunnskapsauke i kommunane innan sektoren vatn og avløp. Det er 23 medlemskommunar. Dagleg leiar: Tobias Dahle Tlf. 41 51 86 53 Epost: tobias.dahle@disfva.no

VA Konferansen 2011 2 - 3 November på Alexandra Hotell i Stryn

VA konferansen 2011 blir arrangert 2 - 3 november på Alexandra Hotell i Stryn. Men godt over 100 deltakarar er dette den årlege møteplassen for VA miljøet i fylket, staden der rådgjevarar, kommunetilsette og leverandørar kan møtast. I fjor var nærare 30 firma representerte med utstilling. Program for konferansen blir sendt ut i juni. Påmelding til konferansen enten dette gjeld som vanleg deltakar eller som utstillar skjer med e-post (eller telefon) til Driftsassistansen.

Fagtreff 13 og 14 april i Balestrand

Fagtreffet inkludert årsmøtet 13 -14 april blei gjennomført på ærverdige Kviknes Hotell i Balestrand. Representantar frå om lag 20 kommunar var tilstades. På årsmøtet blei viktige spørsmål slik som medlemskap i Norsk Vann og auka interkommunalt samarbeid drøfta.Det faglege innhaldet var særleg knytt til klimatilpassing, internkontroll og beredskap i vassforsyninga samt utforming av olje og feittutskiljarar. Foredraga kan last ned her:

God deltaking på fagtreff om rammevilkår på VA sektoren

30 - 31 mars 2011 arrangerte Driftsassistansen i Hordaland (DIHVA) og Driftsassistansen i Sogn og Fjordane  (DISFVA) eit fagtreff om rammevilkår på VA sektoren. Målgruppa var ingeniørar både i offentleg og privat sektor. Dette var første gonga eit slikt seminar blei gjennomført på vestlandet. Med over 80 deltakarar, må oppslutninga om fagtreffet seiast å vere svært god. I 2012 vil nytt fagtreff om rammevilkår på VA sektoren blir arrangert 28 og 29 mars då på Alexandra Hotell i Stryn. Foredraga for fagtreffet kan lastast ned her:

Rammevilkår og regelverk på VA sektoren - 30 og 31 Mars på Solstrand Hotell, Os utanfor Bergen

Fagtreffet Rammevilkår og regelverk på VA sektoren blir arrangert 30 og 31 Mars på Solstrand hotell i Os. Målgruppa er kommunane på Vestlandet i tillegg til rådgjevarar og offentlege etatar. Arrangørar er Driftsassistansen i Hordaland (DIHVA) og Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (DISFVA).

Fagtreff og årsmøte 13 - 14 april på Kviknes Hotell i Balestrand

13 og 14 april blir det arrangert fagtreff for kommunane i Sogn og Fjordane på Kviknes Hotell i Balestrand. Tema er olje- og feittutskiljarar, beredskapsplanlegging og bruk av VA normer. Det blir og gjennomgang og synfaring av nye Balestrand vassverk.

Årsmøte i Driftsassistansen blir arrangert i samband med fagtreffet. Programmet kan lastast ned her.

VA konferansen 2010 på Alexandra Hotell i Stryn

VA konferansen 3 - 4 November 2010 samla meir enn 120 deltakarar noko som er ny rekord. 24 kommunar og 27 firma var representerte.

Dag 1 var foredraga knytt til leidningskart i VA sektoren og bruk av desse.  Dag 2 var temaet praktisk drift av VA anlegg  .m.a. reingjering av høgdebasseng og leidningsnett.

Under kan foredraga lastast ned


Digitalt leidningskartverk - Kåre Sigurd Os

VA konferansen 2010 3 - 4 November

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (DISFVA) inviterer til VA konferansen 2010 på Alexandra Hotell i Stryn 3 - 4 November. Målgruppa for konferansen er kommunane i fylket, rådgjevarar, offentlege etatar og ikkje minst aktuelle leverandørar. Dei siste åra har det vore ei stor utstilling med om lag 30 ulike firma. I løpet av konferansen er det sett av god tid til utstillingsvandring.

Program for samlinga blir sendt ut i løpet av juni 2010.

Leidningskartverk prosjektet i Sogn og Fjordane

I 2009  gjekk 9 kommunar i fylket saman om å engasjere ein person for å oppgradere leidningskartverket på VA sektoren. Prosjektet var då avgrensa til eitt år. Frå 1. juli 2009 var prosjektleiar Kåre Sigurd Os tilsett i regi av Driftsassistansen.

Det er no bestemt at prosjektet blir forlenga med eitt år fram til 1 juli 2011. Det er i hovudsak dei same kommunane som deltek også dette året.

Fagsamling i Førde 8-9 Mars 2010

Driftsassistansen (DISFVA) gjennomførte fagsamling for kommunane i Sogn og Fjordane 8 og 9 mars i Førde. Samstundes blei og årsmøte gjennomført. Tema for samlinga var klimaendringar i høve til VA sektoren (dag1) og avløp i spreidd busetnad (dag2) . Alle innlegga frå samlinga kan lastast ned under.

Arbeidet i klimatilpassingsutvalet - Rådmann Jostein Aanestad

Klimatilpassing i VA sektoren - Norsk Vann v Einar Melheim

VA KONFERANSEN 2009

VA konferansen 2009 blei gjennomført på Alexandra Hotell 18 - 19 November. Deltakinga var svært god med om lag 110 deltakarar frå 23 ulike kommunar og 29 leverandørar. Tema var innkjøpsregelverket i offentleg sektor og leidningsfornying på VA sektoren.

Lenke til foredraga finn du under

 

Velkommsthelsing v/ ordførar Nils P Støyva

Innleiing dag 1 - DISFVA v/ Tobias Dahle

Syndiker innhold