Driftsassistansen i Sogn og Fjordane er eit forum for erfaringsutveksling og kunnskapsauke i kommunane innan sektoren vatn og avløp. Det er 23 medlemskommunar. Dagleg leiar: Tobias Dahle Tlf. 41 51 86 53 Epost: tobias.dahle@disfva.no

Årsmøte i Driftsassistansen 5 mars 2008

I samband med fagsamlinga 4 og 5 mars i Førde blei det og gjennomført årsmøte i Driftsassistansen. Viktige tema var oppsummering av aktiviteten i 2007. Vidare blei aktiviteten i 2008 drøfta m.a. interkommunalt samarbeid, eigne samlingar for driftsoperatørar. I tillegg blei styret utvida med 2 medlemmer Edvin Tistel frå Vik og Agnar Horstad frå Naustdal. Vedlagt ligg årsmelding for 2007 frå styret

Fagsamling 4 og 5 mars i Førde

4. og 5. mars arrangerte Driftsassistansen i Sogn og Fjordane fagsamling for kommunane i fylket på Rica Sunnfjord Hotell. Temaet var tryggleik og beredskap i vassforsyninga. Med 24 medlemskommunar på plass og over 50 deltakararar, er vi svært nøgde ned oppslutninga. På denne samlinga var berre representantar frå kommunane til stades. Nedanfor finn du linker til foredrag på fagsamlinga.

Program fagsamling 4. - 5. mars 2008

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane inviterer til fagdagar 4. - 5. mars 2008 på Rica Sunnfjord Hotell i Førde. Tema for fagadagane er tryggleik og beredskap i vassforsyninga og tryggleik ved trykklaust nett.

Fagsamling om tryggleik og sårbarheit i vassforsyninga, 4. - 5. mars på Sunnfjord Hotel, Førde

Temaet for neste fagsamling vil altså vere tryggleik i vassforsyning. Vi vil ha innleiarar frå m.a. beredskapsavdelinga hjå fylkesmannen, Mattilsynet i Bergen, Bergen kommune i tillegg Jørn Harald Andersen forfattaren av rettleiaren ” Sikkerhet og sårbarhet i vannforsyningen” utgjeve av Mattilsynet i 2007.

Foredrag på fagsamlinga 21. - 22. november

Den 21. - 22. november arrangerte Driftsassistansen i Sogn og Fjordane fagsamling ved Alexandra Hotel. Det var omlag 50 deltakarar frå kommunane og 20 utstillarar på samlinga.

Vi trur dette var ei nyttig samling med mange spennande foredrag.

Nedanfor finn du linker til foredrag på fagsamlinga.

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane - disfva

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane er nyetablert no i 2007. Med 23 medlemskommunar, av totalt 26 kommunar i fylket, har kommunane ønskja dette initiativet velkome. Viktigaste føremålet med Driftsassistansen i Sogn og Fjordane kan oppsummerast med følgjande stikkord: kompetanseheving i kommunane og erfaringsutveksling mellom kommunane
Syndiker innhold